Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
draga gjorde sterkaste verknaden. Sume tider
måtte han taka timar utanum dei vanlege, byta
um med ein annan lærar t. d. Men desse
foredraga, som han soleis ikkje var sers fyrebudd til,
lika elevane best. Til kvardags bruka han gjerne
ei gamal, brun fløyelsjakke, når han ikkje
skulde i skulesalen. Til slike ekstratimar kom han i
denne jakka, og då sa elevane til kvarandre:
«No har han den brune på, no fær vi høyra noko
framifrå godt.»
Attåt soga var litteratur, gjenomgåing av
diktverk, det kjæraste arbeidet hans. Grundtvig
hadde sagt at «skolen for livet» måtte vera
«hi-storisk-poetisk». Det er lett nok å laga spottord
og vitsar av dette, like eins som av å «høine og
løfte». Og det var nok av blaserte folk som
gjorde det i si tid. Tanken i desse orda er like god
og sann for det.
For Anker var det ikkje berre grundtvigske
slagord, men noko han freista gjenomføra i
arbeidet sitt. Han sette den munnlege talen, «det
levende ord», høgst, men gløymde aldri å visa til
det skrivne, til den rikdomen vi har i litteraturen.
Folkehøgskulen i alle land har alltid søkt
hjelp frå diktarane, d. v. s. dei som har noko å
gjeva til menneskja. Skulen er soleis bindeled
millom diktarane og folket. Av norske diktarar
er det ingen som har vore brukt slik som
Bjørnson, og det alt frå fyrste stunda av. Anker var
ein meister til å lesa og gjenomgå diktverk, epi-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>