- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
35

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

livet. Dette visste gamleprovsten, og det ser ut
til at han ikkje hadde so mykje imot at dottera,
Antonette Christiane, gifte seg med bondeguten.
Ho var ogso interessera for litteratur, las Holberg,
Wessel og Wergeland, so langt ho kunde få tid til
slikt, lærde Olaus lesekunsta, so han og kunde få
lesa desse. Holberg likte han godt og kunde alt
i konfirmasjonsalderen lange ramser både av
Nils Klim og Peder Paars utanboks. Wergeland
derimot kuude han ikkje greida då.

Han gjekk på ålmugeskulen heime, som var
skrøpeleg nok i den tida. Men seinare fekk han
gå eit år på skule i Fredrikstad, og han var
kram-budsvein der ei tid. Hugen stod til sjøen. Dei
mange skipa på hamna i byen lokka til utferd
og til framande land. Men mora vilde han skulde
gå skulevegen. Han kom inn på Asker
Semina-rium hausten 1848.

Seminariestyraren då var Knud Gislesen. Han
var bondegut frå Telemark, lærd teolog, dugande
skulemann, høgtideleg og ålvorsam og heldt so
streng disiplin at gutane var redde honom.

Tri år fyrr Arvesen kom dit, hadde Aasmund
Vinje gått ut frå skulen, og det gjekk endå
mange soger um honom og styraren.

Arvesen gjekk ut frå seminariet med rein 1 i
alle fag so nær som i song, her fekk han
«Temmelig godt», ein karakter som faren var svært
undren over. Etter språkbruken hans tydde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free