- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
42

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ei vise um striden med presten Barth kan
folket i bygda endå. Ho bar dette umkvedet:

«Og presten vår sann
som et får sann

og ikke som en hyrde blandt oss går sann.»

Seljord-diktaren Jørund Telnes skreiv m. a.:

«Eg synest gildt å vera
der storm i segli riv,
der er det noko gjera,
der leikar ånd og liv.»

Striden i Seljord gjorde at Arvesen snart vart
kjend over heile Telemark, so han hadde ikkje
vanskeleg for å få både hus og folk til foredrag.
Han var ein heil månad på foredragsferder i
Kviteseid, Brunkeberg, Lårdal, Vrådal, Fyresdal,
Flatdal, Sauland, Heddal og Tinn.

Dei vilde få honom til å slå seg ned i
Telemark og reisa ein folkehøgskule der, men han
hadde bunde seg til Hedmark. I staden fekk dei
V. Ullmann til å koma til Seljord.

Våren 1879 kom Arvesen til Hamar att, og då
var arbeidet med skulen på Ny-Sagatun kome
langt. På ei stor stemne 10.—12. august gav
O. Hjemstad på vegner av høgskulevener dei
ny-reiste husa til Arvesen. Ludvig Schrøder på
Askov heldt opningstalen. Frå 1879—1892 heldt
Arvesen no folkehøgskule med eit lite tilskot frå
fylke og stat og heldt soleis fram med det som
Anker hadde vore nøydd til å leggja ned.

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free