Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ste 6 versa («Fremad er verdens vilde røst» o. s.
b.) vart den kjende folkesongen. I 1873 dikta
Ludv. Lindeman melodi til songen. Og både
tekst og tone vart kjend over heile landet.
Han la ned Sagatun då han vart vald til
stortingsmann frå Hedmark i 1892. Dei næste 25 åra
levde han som politikar, bladstyrar og forfattar.
Han møtte ogso på Stortinget 1896—97 (som
varamann), og styrde «Oplandenes Avis» til 1905.
Etter den tida skreiv han ikkje noko større um
politiske saker. Folkemøta som fyrr hadde vore
største hugnaden hans, brydde han seg heller
ikkje større um no. Som dei fleste gamle menn
trudde han at det ikkje kunde bli so som då han
var med og stod i si beste kraft. Dei unge var
ikkje so mykje tess.
I 1907 skulde det vera eit stort møte på
Lillehammer — Almannamøte vart det kalla — det
same som Arvesen vilde kalla «oplysningsmøde».
Både politiske og andre spursmål skulde fram.
Millom talarane var V. Ullmann, J. Hirsch,
Johan Castberg og eit par yngre menn. Eg møtte
på Lillehammer stasjon for å taka mot Ullmann;
han skulde vera fyrste talaren. — Millom dei
som kom med toget, var ogso gamle Arvesen.
«Hvad er egentlig hovedtanken med dette?»
spurde han. «Jeg skal ikke til dette mødet, mit
erend er, at se Maihaugen. Hvem skal tale, og
hvad skal de tale om?» Eg fortalde det. «Kom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>