Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
samfundet har sett upp. Ungdom i
overgangstida millom barn og vaksen, er ikkje skikka for
skulebenken. I desse åra skal ein so mykje som
råd er læra å bruka kroppen. Ungdomstida er
mest lagleg for åndeleg påverknad.
Ålmennda-ninga skulde byggja på det gamle og nyvekte
norske åndslivet og ikkje på latin og tysk.
Grunnlova av 1814 sette store krav til det
ålmenne folket. Fyresetnaden for eit godt
folkestyre er ei god folkeupplysning. Folkeskulen
kunde ikkje vera einaste upplysningskjelda til
ålmenndaning for landsfolket.
Samstundes med at han la fram programmet
for ein skule som kunde hjelpa til å fylla det
kravet grunnlova sette, kom han med ein sterk
kritikk både over folket, dei styrande og
styringsverket. Det norske folket var eit bondefolk, men
bonden stod for det aller meste utanfor det
ålmenne åndslivet. Embetsverket som det då var,
var ein arv frå einvaldsmakta og dansketida.
Embetsmennene var han streng mot, mest gjekk
det ut over prestane. «Det er en likefrem ynk at
høre på de allerfleste av vore prester,» skreiv
han. «Mange af dem kan tillade sig ting som
overgår enhver beskrivelse. Thi så slet som det
går an at tale i en kirke, går det lettelig ikke an
at tale noget andet sted i verden.» Men elles var
det skrøpeleg nok med mange av dei andre
embetsmennene og. «Her er fuldt op af dem, som
har sin gjerning i statens, skolens eller kirkens
6 — Fire folkelærarar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>