Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde gjeve oss. Dei vilde so gjerne døma
andre, og brukte gudelege talemåtar i tid og utid
— «Guds navn skal aldrig gå let over vore
læ-ber». Og mange vilde syna seg betre enn dei
var. «Der råder meget kristeligt skinvesen
in-denfor de vaktes kredse.»
Dei førande millom pietistane gav so lite
nøring til tanken. Verst var professor Johnson.
I sin ungdom kjende han det «som den rene
vellyst at tumle med Kierkegaards paradokser mod
at skulle svælge den Johnsonske kavringgrød».
Både lekfolket og dei pietistiske prestane for
med so mykje smått, og gjorde desse til
hovud-ting (adiafora t. d.). Ein fekk hjå desse ikkje
noko kjensle av at Gud er stor. «Jeg måtte gå
til naturvidenskaben, til astronomerne, for at
lære at Gud er stor,» skreiv han ein stad.
Eit av dei foredraga eg hugsar best av Bruun
er eit um «Gud i naturen» med utgangspunkt i
Wergelands ord: «Se nøie, skal du øine det store
i det små, sig guddomstanker høine på gressets
veke strå.–-Samme hånd har skåret hvert
blad i dets gestalt, som sol og stjerne veier–
mosens elgsgrå hud har guddomshænder tunget i
skjønhedslinjer ud.» — Det var ikkje panteismen
han forkynte; det var heller ikkje ei utgreiding
um kva denne læra er, men ei preike um Guds
makt og velde som dei store diktarane har sunge
um heilt frå kong David. (Salme 19,2) og til
Wergeland.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>