- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
99

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Alle dei som heldt på det gamle
skuleprinsip-pet, fleirtalet av prestane og pietistane og høgre,
hadde alltid vore i mot honom. No kom
politikken og gjorde resten. Dei fleste av bøndene
vende seg ogso frå honom, fordi han ikkje lenger
kunde gå saman med det «reine vinstre». — I den
tida gjekk mest alt åndsliv i bygdene utanum
det religiøse upp i politikk.

Lærarane på Vonheim kom i usemje med
mange av dei fremste vinstremennene i dei næraste
bygdene, og dei vart ikkje so umtykte lenger.
Søknaden til Vonheim vart mindre og mindre.
Det var tider det ikkje var meir enn 8—10 elevar.
Bruun måtte leggja skulen ned.

Han slutta på Vonheim i 1893 og vart prest i
Oslo, året etter at Arvesen hadde lagt ned
Sagatun. Ingvar Bøhn heldt Vonheim uppe til 1896,
då måtte han og slutta.

Chr. Bruun vart sviken i sine voner ofte, men
at han måtte slutta i folkehøgskulen var det
verste i den leida. Han såg på skulearbeidet sitt
som mislukka, altso heile arbeidet i den beste
alder. Mismodet tok både honom og dei andre
lærarane på Vonheim.

Då Bruun tok til med folkehøgskulen, hadde
han lite personleg kjennskap til bonden i
kvardagslaget. Han kjende godt bondelivet frå
litteraturen, frå Wergeland, Welhaven, Østgaard,
Asbjørnsen og Bjørnson, frå bonderomantikken i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free