- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
103

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bruun «bidrog som predikant i væsentlig grad til
en fornyelse av prekensproget».

I 1918 tok han avskil, og døydde på garden sin,
Halvorslia, i Gausdal 1920.

Som prest i hovudstaden kom ikkje Bruun til
sin fulle rett. No er vel alle samde um at hans
rette plass var millom bøndene som lærar og
lei-dar for ungdomen. Det var eit stort tap for heile
landet at han ikkje kunde få halda fram med det.
At han måtte slutta i sine beste år, kastar liksom
ein skugge over siste helvta av livet hans, noko
han burde vore spard for.

Det han fekk gjort er likevel so stort, at han
vil få eit varande namn i den nyare norske soga.

Anders Hovden har i eit dikt samla det
viktigaste av det Chr. Bruun var og gjorde som
folke-lærar:

cVår ungdom ofte fåfengt bad
um slik ein heilhugsbrand,
han vilde sjå eit soleglad,
mot klåre himmelbrand.

Men jamt dei store bleikna av
og dimdest på sin sans
og sokk i skodd og skuggegrav
forutan glo og glans.

Men du, du ljosna år for år,
du trufast dreiv di gjerd,
og ofra deg for bonden vår
i livslang såmannsferd.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free