Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mig i nakken og sagde: «Det har du ikke lov til,
din dovne gamp. Hvad du har lovet, skal du
holde.»
Han tok det politiske arbeidet som ei
verje-plikt. Ein god og trufast nordmann hadde ikkje
lov til å lura seg i frå, slik som sakene då stod.
Den same kjensla av plikt, ansvar for sitt
eige samvit, gjorde, at han kunde halda so lenge
ut ogso i høgskulearbeidet. Alle nybrotsmenn
her hadde det vanskeleg, men ingen sat so trongt
i det økonomisk som Ullmann.
I fleire år hadde han og frua hans det
bokstaveleg soleis at dei mang ein gong ikkje visste
kva dei skulde ha til mat næste morgon. — Desse
/ vanskane tvinga honom til å taka embete. Dette
var eit stort tap for landet. — Andre kunde fyllt
embetsromet like godt, men det var ingen som
kunde halda folkehøgskule so godt som han.
I det daglege skulearbeidet hadde han ikkje
berre det ein kallar åndsfag, — heldt ikkje berre
foredrag, — men og ei mengd med prosaisk
skule-arbeid. Han hadde ikkje råd til å løna so mange
medlærarar at han kunde sleppa det. Og desse
hadde mykje meir arbeid enn nokon av lærarane
i ungdomsskulen no. Serleg vart det mykje i
den tida han hadde lærarskule samstundes med
folkehøgskulen. Ullmann hadde soleis både ei og
tvo klasser i norsk, måtte retta ein heil bunke
med lange stilar kvar veke, sitja der og retta på
setningar, finna formfeil, stryka eller setja til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>