- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
122

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med det kunde vinna eit stort namn som lærd
mann. Like eins var det med Ullmann. Han sa
ein gong: «Det tilfredsstiller ikke mig dette, bare
at sidde i en stol med en pibe og læse om hvad
andre har gjort i verden.»

Ikkje det å vera politikar, statsmann, var
livs-uppgåva hans. Det politiske arbeidet var noko
attåt. Ei tid tenkte han kanskje at han med si
umåtelege arbeidskraft skulde kunna greida
både det eine og det andre. Straks han kom heim
frå Stortinget fyre jol — dagen etter han hadde
køyrt den lange, bakkute vegen over Kviteseid
og Brunkeberg eller gjenom Bø — tok han til
med foredrag på skulen. Dagane millom jol og
nyår nytta han til å skriva på det store historiske
verket sitt. Det var ein led i høgskulearbeidet. —
Etter denne «ferie» reiste han til Stortinget att.

Ei framifrå hjelp hadde han i kona si, fru
Vil-helmine. Til ein folkehøgskule — i all fall slik
som det serleg har forma seg i Danmark —
høyrer ogso at elevane bur på skulen og er med i
huslivet, Kristen Kolds geniale tanke. Det ein
vinn med dette, når det er som det skal vera, er
kanskje av like so stort verd for mange elevar
som det dei får i skulestova i timane. Fru
Ullmann var makelaus her. Er noka kvinne i
landet vårt verd det heiderfulle namnet
«høgskule-mor», so er det ho. — Det verste for henne var
for resten ikkje vanskane med å vera
høgskule-mor, men tanken på utkoma. Det vart mange

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free