- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
127

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i vanleg meining som er det viktigaste, når det
gjeld heile folket. Lærdom og daning er ikkje
utan vidare det same. Den største og viktigaste
uppgåva for ein folkelærar er ikkje so mykje å
verka på det reint intellektuelle i sjælelivet,
po-pularisera vitskapen, som å gjera noko for det
Wergeland kalla «hjerternes oplysning». — «Uden
den er forstandsoplysningen af tvilsom værdi.»

Tanken, intellektet, er ikkje alt hjå
menneskja, i mange høve ikkje eingong det høgste. I
viktige og vanskelege tider og tilfelle vil alltid
verka med — ofte vera det avgjerande — noko
som har sitt upphav i det indre sjælelivet der
skilnaden millom lærd og ulærd kverv burt, og
det sams menneskjelege står att. Ein folkelærar
som vil skapa eit lukkeleg kultursamfund for
alle, må alltid rekna med dette. Ein svensk
forfattar brukar i denne samanheng ordet
«ljus-mån». — Det er kanskje det mest råkande
namnet. Desse fire var ljosmenn, som førde ljos og
varme med seg i ei myrk og kald tid.

Sagatun, Vonheim og Seljord har no
bautasteinar som minner oss um det livet her ein gong
var. Men skule og skuleungdom er her ikkje
lenger. Her er stilt og tomt. Likefullt vert desse
skulane med full rett rekna for dei
grunleggjan-de folkehøgskulane i Noreg. Dei mennene 6om
reiste desse tri, sveik ikkje. Det er merkeleg dei
kunde halda ut so lenge som dei gjorde. Det er
ikkje mange i vårt land som har ofra so mykje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free