- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
70

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

70 Folkeliuflskulen. rande ångdom i alle 3 nordiske land hadde vore so opglødd for, hadde faatt ein faarleg knekk. Men smaat t om senn tok modet til aa reise seg att. Landets beste og mest dugande krefter vart vakt til arbeid for det herja fedreland. Dei største og mest. gagnlege tiltak kom likevel ikkje fraa statens side, men fraa private, Nye og store damp-skibs- og telegrafi iner kom i stand ved G. T. Tietgens storlagde og dristige tiltak. „Det danske hedeselskab" vart skipa og fekk ein framifraa leidar i Enrico Dalgas. Dei vidlendte danske moar („heder") skulde dyrkast eller plantast til med skog. Paa den maaten skulde ein vinne att innan landet, det ein hadde mist utt.il. Fraa 1864 og utetter tok jordbruket litt om senn ei onnor leid. 1 60-aar a sende Danmark korn t,il utlandet. Husdyrprodukt var det mindre av. Men fraa den tid vart det annarleis. Ved hundr ad aar s s k i f tet furde Danmark inn mest. likso mykje korn som va art land. medan utførsla av kjot, smør, egg, flesk og livande krøter gav burtimot '250 mill. kr. aarleg, altso ei sterk omleggjing i driftsmaateu. Eit land med so veldrive jordbruk som Danmark no. maa ha eit oplyst og framtøkt folk. Mykje av denne rike verksemd maa ein fore attende til arbeidet for folkevekkjinga. Haman med alle desse tiltak voks høgskulane op. Og i deira far gjekk landbruksskulane. — Det var som om alt det arbeidet, som var gjort for aa hevje og fremje oplysninga, først tok til aa here frukt etter det ulukkelege ufredsaaret. Det var uraad aa halde fram med skulen i Rødding. Grensa var no flutt nordover, so Rødding laag paa framand grunn. I 1865 vart skulen flutt til Askov, nord for Konge-aaen, og der voks den fram til ein skule, som er vorten vidkjend. No vart den eine skulen etter den andre reist. I 1865 grunnla jøden Ernst Trier høgskulen i Vallekilde, og Fr, Boisen, som var gift med Karen Anker, syster til Herman Anker, reiste høgskulen i Rødkilde. I 66 fekk Jens Nørregaard og Chr. Baagø i gang Testrup høgskule.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free