- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
191

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

191 der hadde ikkje større hug paa det. Dei hadde sett seg det maal aa faa ein folkehøgskule, og om hausten 1884 vart ein opna paa garden Evju i Efteløt. Sandsvær. Eigaren av denne store og fagre garden, Johan Evju, som paa fleire maatar hadde vore ein god mann for oplysnings-arbcidet, gjorde og mest til, at skulen kom i stand. Styraren for skulen var Olav L. Kirkeberg. — Han er fødd i Bagn i Valdris og voks op i ein streng pietistisk heim. Han gjekk først paa Christopher Bruuns skule i Sell og kom seinare til Danmark. Han gjekk der paa den presteskulen som dei ei tid hadde paa Askov, jamsides med folkehøgskulen, til utdaning av prestar for skandinavar i Amerika. — Etter at, han paa Askov var utdana til frikyrkjeprest. vart han i 1874 send av „Udvalget for den dansk-aiuerikanske Mission* til Elk-Horn, Iowa og skulde vere prest for ny-byggjarane der. Han tok der til aa arbeide for aa faa ein folkehøgskule for dei danske. Dei gav fri grunn, samla inn pengar og 1ste novbr, stod den förste grundtvigske høg-skule i Amerika ferdig. Han var no baade prest og høgskul estyrar. Aaret etter begynde ban med eit vikeblad „Da,ne virke". Han gav bladet dette namn for aa syne, at det var danskane, dei som hadde sendt honom, han vilde arbeide for. Det var dei som totte, at lians norske hug var for sterk, og at det saa,g ut til, at han vilde gjere skulen sin til ein norsk høgskule, for di han hadde kalla den „Leif Eriksons Minde". — Men arbeidet med alt i dette nybygget var meir enn helsa kunde tole. Han maatte slutte og reise atteude til Danmark for aa kvile ut. — Han kom seg snart att- og tenkte no paa aa ta op arbeidet heinie i Norge, Han raadførde seg med fleire norske skulefolk om dette, og otter raad fraa 0. Arvesen begynde han i Sandsvær som før nemt. Til medlærar hadde han først Olav Santi r fraa Strinda), som før hadde vore lærar paa Vonheim eit aar. Men daa det leid ut i andre aaret, vart han laak og laut slutte. Han døydde ei tid etter av tæring. Lærar G. H. Borge fraa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free