- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
205

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Norge. ■205 Baade daa Møre folkehøgskule og folkehøgskulen i Orke-dalen vart skipa, hadde dei ei god støtte i Seip, som baade i Romsdals og i S. T. amtsting kom med varme innlegg for desse skular. 1906 vart Seip statsraad i Grunnar Knudsens regjering, og fekk no m. a. den opgaava aa utarbeide forslag til ei heil ny ordning av høgskulane. Men dette vart ban ikkje ferdig med. Han laag sjuk mykje av vinteren 1909, var bra att ei stund om vaaren og arbeidde daa det han kunde paa proposisjonen om folkehøgskulane, men so maatte ban leggje alt arbeid fraa seg, reiste op til Vesle-hamar for aa kvile. Men sjukdomen hadde faatt for sterkt tak. Han døydde her hausten 1909. Garnes folkehøgskule. (1887—1899.) Paa Gr arne s i Haus prestegjeld ved Bergen var det folkehøgskule fraa 1887 til 1899. I)et var ikkje so lang arbeidstid, men det kosta likevel ein gaaverik mann heile hans arbeidskraft. Styraren vai' Hans Christian Ørsted Hambro. Han vart fødd 10de juni 1858 i Stavanger, der far hans hadde ei fabrik. — Paa farssida var lian av jødisk ætt. Bestefaren var oplærd i jødedomen, men gjekk over til kristendomen, vart døypt 19 aar gamall og fekk ei stor handelsforretning i Bergen. Paa morssida var han i ætt med deu danske vitskapsmann Chr. Ørsted, som ban var opkalla etter. Daa ban var 4 aar gamall, flutte foreldra hans til Bergen, han gjekk paa latinskulen der, men laut slutte i 17-aars-alder, for di ban vart laak av lungebetændelse. Han fok daa ei sjøreis, var heilt til India og va.rt frisk att og. So gjekk han paa styrmannsskulen med den tanke, at han vilde verte lærar der seinare. Etter at ban hadde faatt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free