Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I Danmark 1880
’W’aaren 1879 gjorde eg ei ferd aat Danmark og vart verande
der i tvo aar. Um viritrarne paa folkehøgskular:
Vallekilde, Testrup, Askov — og um sumrarne hjaa bønder og
friskulelærarar. Var millom mange prestar: Hoff, Hostrup,
Birkedal, Otto Møller, Jens Lassen Knudsen, Appel, Teilmann,
o. fl. av Grundtvigs vener. Styrde ein barneheim nokre maanar;
var paa store folkemøte, skjotar- og itrotts-stemnor,
marknader, meieri, slagteri, jordbruksskular, og vart godt kjend.
Var like vel mest saman med ungdom; eg var berre 28 aar.
Det var eit rikt liv eg kom uppi. For meg,
gudbrandsdølen, vart det mest for sterkt. Dei baade trylte og skræmde
meg. So opne og godtrune ungdomar hadde eg daa aldri vore
saman med.
Dei livde i eit eige verlag, desse folk — lat meg kalla det
vaaren. Dei var so glade og hugheile at det spraka av deim.
Snilde og morosame stødt. Men naar dei tala um framtidi si
og alt dei vilde gjera — daa vart eg rædd. For eg hadde no
vore barneskulelærar i aatte aar — gardbrukar attpaa — vore
strengt sjuk — og prøvt ein grand, meinte eg. Skulde ikkje
dei faa renna horni av seg, var det rart!
Aa, so leikande ljost som dei saag paa framtidi, desse
ungdomarne! Dei tok det mest paa smaaborns vis. Alle
skulde gjera noko, alle skulde verta noko. Og det var ikkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>