- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
18

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa folkemøte i hovudstaden

»Harve først hvad jeg har pløiet,
da I véd hvad jeg har doiet.»

"\To skal me sjaa korleis denne mannen voks upp og naadde
fram til arbeid. Han hev fortalt çlet meste sjølv.

Hausten 1866 var det ei stor folkestemna i Kjøpenhamn;
der møttest Grundtvigs vener fraa det heile land.

Daa var Kristen Kold godt og vel 50 aar, og skulen hans
stod i full bløming, ja var den mest namnspurde skulen i
Danmark.

So vilde dei faa han dit og tala; han skulde fortelja deim
um arbeidet sitt. Kold vilde mest aldri ut paa store møte.
Men no var han daa komen der.

Gamle biskop Grundtvig styrde møtet, og tala fyrst. Daa
han er ferdig, segjer han:

»Og no hev eg bede Kristen Kold, denne hovdingen for
menneskjeleg og folkeleg upplysning paa Fyn, at han maa
vera so gild aa fortelja oss korleis han kom inn paa den rike
arbeidsmarki si, og korleis han ser paa skulen i det heile,
baade barneskulen og ungdomsskulen. Eg vil daa berre leggja
ei bøn attaat, som eg elles aldri gjer til nokon talar, at han
ikkje maa vera for snar. For denne mannen hev tagt so
lenge at han visst hev ein god slump aa segja oss. Og me
hev, trur eg, gode tider til aa høyra paa.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free