- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
20

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

Paa folkemøte i hovudstaden 20

»Hadde eg vore heime, og havt lov til aa kløyva dette
emne i aatte bolkar og halde aatte rødor um det i aatte dagar
— daa skulde eg ikkje vore rædd.

»Men baade fordi eg ikkje er heime, og fordi eg skal segja
all ting no i denne stund, so er det eg er rædd . . . Han stod
der mest og skjemta.

»Men — naar eg skal tala, so skal eg. Og syner det seg
at eg ikkje kann her, maa de ikkje tru at eg ikkje kann
heime.»

So tok han til paa aalvor.

»At eg vart folkeupplysar, det kann sjaa rart ut; for eg
hev ikkje rent umkring paa lærde skular, og endaa mindre
gjenge ein slik igjenom — som Grundtvig sa.

»Eg kann best svara paa dette med aa segja at eg er
fødd til det. Men det hev eg Gud aa takka for, og kanskje
mor mi. Ho var den fyrste som tok til aa hjelpa det fram
hjaa meg. Og det skal eg fortelja um her.

»Daa maa de orsaka at eg gjeng so langt attende som
aat mor mi. De skal hugsa paa at so mang ein uøvd talar
tek til med Adam og Eva — og skyna paa at her sparer eg
dykk ein lang veg» . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free