Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
30
Ein skulemeister paa fjortande aaret
oss mest ihel, og stundom kunde han vera so aalvorsam, at
me sat som i ei kyrkja. Me var glade i han alle saman.»
Han las Peder Paars. »Me var jydar, og difor kunde me
gleda oss i skalkediktingi aat Holberg,» segjer han.
So lærde han deim aa spela komedi. Den eine var Nille,
den andre Jeppe, den tridje Jakob skomakar; han lærde deim
upp i alt dei skulde segja og gjera. Og moro var det, anten
dei so sa det rett eller gale.
Ein dag stod han ute i ein fæl vesterhavs-storm. Alle
andre var inne. Ein gamall tenar sprang ut og skulde berga
han. »Kva stirer du etter?» spurde tenaren. »Eg grundar
paa kva vind og skyer er,» svara guten.
Han var so barnsleg. Ein dag hadde han klemt ihel ein
kjukling i ei laavedør. Han syrgde so paa dette, at han fekk
ikkje fred fyrr han beint fram hadde gravlagt kjuklingen, og
skreiv so ein klagesong yver han. — Tvo smaa myser hadde
han fanga, og hadde deim i eit bur i glaset; han gav deim
mat og vatn og leika med deim. Desse myserne maatte han
faa ha. Men so døydde dei. Aa du, for sorg!1
Men ei kvass tunga hadde han. Dei for med so mykje
drøs paa denne garden. Verst var ei gamall jomfru som var
skyld herremannen. All ting laut ho hava greida paa. Men
no magta ho ikkje aa gaa umkring lenger. So kom dei der
aat henne, grannkjeringarne, og bar upp alt dei visste um
andre. Ein gong stod Kold inne der og harma seg. Daa med
eitt vert ho so sjuk yver magen, ho som fortel; ho skrik.
Dei sprang etter dropar, men det hjelpte ikkje. »Kva skal
me finna paa?» ropte dei. Kold tagde som ein mur. Dei spør
han. »Aa — det er visst berre ein pose eller tvo med nytt
som er i klemme og ikkje slepp fram,» segjer han. Den gamle
jomfrui skolv av sinne. Ho hadde tvilt paa det lenge, at den
1 Fraa ei gjenta som tente der.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>