- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
36

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa elskhugs veg

Co underlegt det kann sjaa ut, so var Kold sterkt uppe {

gjente-tankar just i desse tider. Det var som um alt han
aatte og hadde, ja heile undergrunnen i han var komen i os.

Ho heitte Else, og var dotter aat jordmori i grannbygdi.
Ho var berre syttan aar, men ovunders væn; ho bar seg med
ein finleik og ynde, so ho vart kalla gjævaste gjenta i tvo
prestegjeld.

Kold var grann og liten; men ein knøten, frisk ungdom,
med væne augo og fagert andlit; han tala nauende godt, og
førde seg so livleg og fint, at alle hans jamaldringar saag upp
aat han.

Dei hadde vorte trulova straks etter han fekk att modet
sitt paa lærarskulen.

Og dei heldt av kvarandre meir enn dei visste, desse tvo.
So ofte det var raad, møttest dei. Naar andre sov, fann Kold
vegen ut gjenom glaset og gjekk gladeleg ei mil — til aa faa
sjaa paa ho og tala med henne ein halv time. Ja, um det
ikkje var meir enn aa sjaa glaset der ho hadde romet sitt,
eller huset der ho aatte heime — det var ei trøyst, det svala
augo hans, det med. Um kveldarne stod han paa ein liten
haug; det var ein lette og lise aa faa sjaa himmelen og jordi
derute ho budde. Og tvo gonger i vika skreiv han brev —
tvo store ark kvar gong.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free