Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
38
Paa elskhugs veg 38
skjemtevisa dei hadde gjort um han paa skulen, og som han
visste dei kjende. Fyrste upptaket var slikt:
»Stammen af den gamle Kold
er Eises faste værn og vold —»
Men straks han var ferdig, kom det ein djup sukk, og so
desse ordi: »Men fager var ho.»
Um kveldarne sveiv han ofte der uppe paa haugen vest
um prestegarden, og saag yver fjorden mot Thy, der ho aatte
heime.
Ho som fortalde dette1 trudde at Kold aldri gløymde Else.
»Han var slik laga at han kunde ikkje,» sa ho. »Han hadde
vore so vænt klædd fyrr; men sidan brydde han seg lite um
klæde og korleis han saag ut utanpaa.»
Ein friskulelærar2 høyrde Kold fortalde um denne
ung-domselsken sin, yver tjuge aar etterpaa. »Men so rørd hev
eg aldri set han,» sa han.
Sjølv var han viss paa det var Guds vilje at det gjekk
som det gjekk. Han tok det med stor visdom og nytta det
ofte sidan til hjelp og trøyst aat ungdom paa skulen sin. Ein
gong sa han:
»Naar ein far ser barnet sit ligg paa golvet og leikar seg
med ein blank kvass kniv, so tek han kniven ifraa barnet;
for han veit at barnet vil koma til aa skjera seg paa han.
Daa tek barnet til aa graata. Men um ei stund so tagnar
graaten. Men barnet er berga for det som verre var; kanskje
var det livet som vart berga. Soleis gjer far vaar i himmelen
ofte med unge menneskje som er vortne kjærestefolk, naar han
ser at dei vil koma til aa tyna livet aat kvarandre fordi dei
ikkje høver ihop. Dei vil nok skiljast med graat; dei tykkjer
dei misser so mykje. Men sidan skal dei faa sjaa at dei vann
meir; at det beste av livet deira paa den maaten vart berga.»
1 Ane Nilsdotter, syster til »vesle Maren».
2 Hans Nilsen i Udby.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>