- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
44

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I Sønderjylland

"Y^aaren 1838 kom Kristen Kold aat Sønderjylland, aat ein
megtug bonde heitte Knud Knudsen i Faarballum, og
vart huslærar. Her skulde han faa røyna, um han aatte dei
slags ord som skulde til for aa faa gamle Danmark paa
føter att.

Folki der nede var kloke i sin kristendom, mykje klokare
enn folket paa Mors. Men dei vanta liv; dei sov.

Men korleis det no var eller ikkje, so fall det ikkje Kold
inn aa hjelpa deim i den leid; kann henda han var noko trøytt,
sjølv og. Men det saag han strakst, at dei var ikkje danske.
Og so tenkte han: »Her skal eg klemma i veg.»

Han hadde vorte so glad i desse soge-romanarne aat
Ingemann, som fortel um gamle dagar i Danmark. Og no vilde
han samla ihop unge gutar og lesa og fortelja deim dette.
Daa er det han fær tak i den gildaste av alle bøkerne aat
Ingemann: »Valdemar den store og hans mænd». Her les
han dei ordi:

»Hvad Danmark var, skal det atter blive,
endnu er fædrenes aand i live.»

»Og no syntest eg at eg kunde ikkje faa fred — segjer
han — fyrr eg fekk sett dette arbeidet i gang: aa faa
Danmark upp att til det som det hadde vore ein gong.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free