Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I Sønderjylland
5 1
»Nei — syntest eg — det kann det ikkje.
»Ja, men kva tener det so til?
»Det tener til at borni slepp fram for presten.
»Men — tenkte eg — kunde me ikkje laga det so, at dei
»slapp fram» paa ein annan maate. Det er daa ein fæl maate
dei ber seg aat paa no.
»Dette var det eg stræva og verkte so hardt med» —
segjer Kokl.
»Men no er det stødt so, at naar me er i vaar aller verste
naud og spør Acmden for rame aalvor, so svarar han oss; og
han sa no til meg: Du kann fortelja borni dette som dei
skal læra utanaat; du kann fortelja deim det, som du fortel
eit eventyr!
»Aldri so snart hadde dette gjenge upp formeg — segjer
han — so fekk eg ein hug og ei drift i meg, so eg mest
ikkje kunde venta til morgondagen kom.
»Men det laut eg no. Fyrst heile kvelden, so den lange
natti — og so kom morgonen. Eg skulde ha gjeve mykje
til at det ingi natt hadde vore, so me kunde faa prøva det
straks. For eg syntest at kunde dette lata seg gjera, so
hadde me vunne heimsens gull og grøne skogar, og eg hadde
nær sprunge ut paa gata, som Arkimedes gjorde, og ropt:
No hev eg funne det! men det gjorde eg ikkje; for eg er ein
jyde og ingen grækar.»
Endeleg kom morgonen. Og Kold kunde faa prøva dette
nye han hadde funne upp. Han tok til med aa fortelja
bibelsoga. Og den vilde dei gjerne høyra. Aa, kor dei lydde
paa no!
Men so kom spursmaalet: Kunde borni hugsa dette —
naar dei skulde fram for presten og til eksamen?
1 fjortan dagar dreiv han no paa og fortalde noko kvar
morgon. Han tok til med soga um Josef — den fann han
var best aa taka til med.
4 — Andreas Austlid: Ein folkelærar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>