- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
57

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eit aar i hovudstaden

57

noko nytt. Um dette tala han med ei magt og mynd so dei
laut undra seg.

So for han aat Kjøpenhamn. Hjaa bokbindar Falk stod
han ut læra; han batt inn Wilsters Odyssé i skinn og gull til
sveine-stykke.

Her kom han andlit til andlit med dei største aandskjempor
som denne tidi aatte. Han høyrde Grundtvig, Feter Kristian
Kierkegaard og Jakob Lindberg. Han kom med i eit rikt
kristenliv, som meir og meir braut seg veg der inne i
hovudstaden; og han kjende seg varm og glad paa nytt, men fatig
og liten — som me kann sja^ av nokre brev han sende heim.

»Magister Lindberg — segjer han — er ein forunderleg
mann. Til meir eg lærer aa kjenna han, til meir veks han
for meg. I denne tid held han samlingar og greider ut bibelen;
han hev alt gjort fraa seg Iste mosebok. Ingen kann kjenna
bibelen betre. Det er eit under kor mykje han veit og kor
djupt han tek alt, og so gripande som han talar! Flin kvelden
vart han so teken sjølv og, so han ikkje kom lenger. Han
tala um gamle Jakob daa han stod for Farao og skulde svara
paa kor gamall han var: Faae og tunge hev dagarne mine
vore, og ikkje naar dei so høgt upp som livedagarne aat
fedrarne mine. Daa brast Lindberg i graat og fekk knapt
fram ordi. Ja, venerne mine — sa han — den av oss som
hev fenge syn paa noko av det aande lege livet som ligg høgre
enn denne verdi, han vil i sanning kunne segja at faae og
myrke er hans livedagar, i denne slegt.

»Eg maa segja det var som den gamle Jakob stod der
sjølv. Og visst saag Lindberg for augo sine i denne stund
all den naud og motgang han hev lide. Fatigdom er ein hard
kross ...»

Dette brevet sende Kold til Knud Knudsen i Faarballum.
storbonden han hadde vore huslærar hjaa. Strakst etter kom
det gaavor fraa den kanten til Lindberg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free