Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I prestegarden
81
»Nei — fortel oss det.»
»Det kann visst ikkje nytta.»
»Jau, jau!»
»Eg trur eg lét det vera like vel.»
»Aa kjære Kold, fortel oss det.»
»Ja i morgon daa, paa skulen,» segjer Kold endeleg.
Den næste morgonen var Peter Larsen fraa Dons komen
aat Birkedal — han som hadde sett liv i Kold paa
lærarskulen. No vilde han daa sjaa kva det var for noko tull Kold
for og tumla med. Han hadde høyrt gjete denne nye
ungdomsskulen hans.
Daa dei hadde sunge
»Udrundne er de gamle dage»,
tok Kold til aa tala:
»No skal eg halda det eg lova dykk i gaarkveld, gutar.
No skal de faa høyra kva det er for tri ting som maa til,
naar ein vil verta ein stor mann —»
Gutarne kveste øyro.
»Det fyrste er aa kunna segja store ord.
Det andre er aa kunna røykja tobak av ei lang pipa —
Og det tridje er aa kunna sputta i boge.»
Dei slo ned augo og bøygde hovudet. Men eit par
gjent-ungar knisla og log.
Men so tok Kold i veg. Og no fortalde han deim kva Gud
kravde og kva Danmark kravde av den som vilde verta ein
stor mann. Og han tala slikt um dette, so Peter Larsen sa
til Birkedal daa han gjekk att: »Dette er sanneleg den beste
skulen i Danmark!»
— Ein kveld var Kold ute i eit lag hjaa ein gardmann i
Ryslinge, og der i huset budde tvo av skulegutarne hans.
Daa fær han sjaa ei bok som den eine guten eig, ei
rekne-bok, og paa mest kvart blad hadde guten sett namnet sitt
6 — Andreas Austlid ; Ein folkelærar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>