- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
88

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

88

Det veks upp til folkehøgskule 88

»Daa eg kom fram — fortel han — so gjekk eg straks
upp til Algren; eg var der um natti og laag paa sofaen hans.
Men det var ei klen trøyst han gav meg. Kvar skal me av?
sa han. Grundtvigianarane er ikkje dei slags folk at dei hugsar
i aar kva dei tenkte paa i fjor; dei hev heilt andre jarn i
elden att no, og det vert visst ikkje til noko med dette. Men
eg skal fylgja deg aat Grundtvig, sa han.

»Daa me kom upp aat honom, so stod han og røykte
pipa si og la handi paa kakelomnen,» fortel Kold.

»Det er Kold fraa Fyn,» sa Algren.

»Aa, er det det,» sa Grundtvig.

Og straks rauk Grundtvig og Kold ihop. For Kold vilde
ha gutarne paa skulen sin so snart dei var ferdige med presten,
i 14, 15, 16-aars alderen; men Grundtvig vilde dei skulde
vera 18 aar og meir. »Det duger ikkje fyrr,» sa han.

»Det kann ikkje Grundtvig vita noko um — segjer Kold
—-korleis bønderne er der heime hjaa oss. For naar dei er 18
aar, so hev dei alt teke til aa leika kjæraste og røykja tobak
og gjera pipehandel og klokkebyte. Og so kann me ikkje
faa nokon aand inn i deim.»

»Jau, det kann me nok,» sa Grundtvig.

»Nei,» sa Kold; »soleis som eg hev lært aa kjenna deim,
so er mi meining den einaste rette.»

»Eg hev stødt vore viss i mi sak, til og med naar eg
tok i miss,» sa han sidan, daa han fortalde dette.

»Men so syrgde Vaar Herre for at eg fekk folk baade
yver og under 18 aar paa skulen min. Og daa saag eg snart
— segjer han — at dei som var 18 aar og meir, dei kunde
eg gjera noko med; men me kunde ingen ting gjera med
deim som var under 18 aar.»

Denne striden millom Grundtvig og Kold vart daa jamna paa
den maaten at Grundtvig gav etter; utan so hadde det vel ingen
skule vorte. »For eg hadde ikkje gjeve etter» — segjer Kold.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free