Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det veks upp til folkehøgskule
91
Birkedal kunde mindre og mindre med Kold no. Dei var
for ulike. Og kona aat Birkedal endaa mindre. Der kom han
-— huslæraren deira — i den gamle grøne jægerfrakken med
1V2 flak, og i kløyvde tresko som det knapt fanst botn i —
leirut og fæl, men straalande lukkeleg og glad — han retter
seg upp som ein konge, ser Birkedal inn i augo og segjer:
»Naar eg fær i stand skulen min, daa skal det gaa gale
med alle andre skular. Og dei er det vel verde. Dei vart
til i den laakaste tid me hev havt — dei trælar for dauden
og dei skal attende til dauden; der høyrer dei heime. Men
min skule er fødd av livet. Han nører seg av livet, han arbeider
for livet, og han aaleine skal liva.»
»Men kjære Kold, slik tale er hovmod,» segjer Birkedal.
»Eller so er det barnesnakk og tullsnakk. For De hev no
heller ingen skule endaa. No skal De venta, til De fær skulen
godt i gang; og lat daa skulen sjølv faa tala. Daa fyrst skal
me sjaa kva han duger til.»
Dette var daa sant.
— Daa kunde Kold med eitt kjenna seg so fatig og
modlaus — han visste ikkje si arme raad.
Naar denne tvilen kom att som verst, gjekk han ned i
garden til »Fredriks Johanne», som han kalla henne. Og ho
kunde hjelpa — for ho skyna Kold. Ein gong kom han og
hadde det so fælt. Daa tok ho han i handi og sa berre desse
ordi: »Trøyst deg til Gud, Kristen Kold. Han hev skapt
deg til dette. Skulen din skal gaa. Og det skal gaa godt —
det vil han syrgja for.»
Kold segjer: »Det var Guds eigen gode aand som gav
henne slike ord. Ho gjorde meg so glad som eg skulde fenge
eit kongerike.»
Og mange aar etter — daa skulen aat Kold var den største
i Danmark — sende han stasvogni si avstad etter denne gamle
kona. No skulde ho koma og sjaa at ho hadde vorte sannspaadd.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>