Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
94
Fyrste skulevinteren
Jau, dei hadde høyrt um den. »Men kva kann so du læra
oss f» spør den eine guten.
Kold stod og tagde ei stund.
»Kom her med klokka di,» segjer han. Og Kold fekk
klokka.
»Dette er merkelegt — segjer han — klokka gjeng av
seg sjølv. Det maa vera ei løynd kraft her inne som driv
ho. Men du maa draga ho upp kvar kveld — er det ikkje
so? Gjer du ikkje det, gjeng ho i staa.
Men kom paa min skule, de gutar, so skal eg draga dykk
upp soleis at de aldri skal gaa i staa. Ja, god kveld; — kann
de segja meg vegen til Ryslinge?»
So gjekk han. Dei vart standande etter berre aa stira.
Og desse tvo kom paa skulen hans.
Um denne svære ventetidi fortel Kold:
»Eg hadde ikkje fast lovnad paa meir enn ein einaste gut,
og det var son aat Kristen Larsen i Dalby paa Hindsholm;
det var visst at han kom til Iste november. Men endaa i dei
aller siste dagarne i oktober visste eg ikkje av at det kom
andre enn han. Eg hadde nok ein halv lovnad paa sume;
men folk tykte det var noko rart nytt dette aa senda vaksne
gutar paa ein skule. Og so kosta det mykje. Eg kravde nok
berre seks riksdalar (12 krunor) um maanaden for kost og losi
og skule, og eg lova deim at eg skulde gjera underverk med
borni deira — dei skulde verta so livlege og vakre og driftige
at dei aldri hadde sét maken — men likevel syntest folk at
det var ein grov hop pengar. Dei spurde meg kva borni
deira kunde verta til, naar dei hadde vore paa skulen — um
dei kunde verta klokkarar, eller um dei kunde verta frie
kongs-tenesta. Dette siste hadde dei vorte fyrr, naar dei gav
seg inn i jordbrukslæra, og so trudde dei at noko slikt maatte
dei faa hjaa meg og.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>