- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
101

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KRISTEN LARSEN

Ein bonde

var fraa Hindsholm, langt nord paa
Fyn, mange av gutarne aat Kold den
fyrste skulevinteren; og daa det leid til jol,
bad dei med seg »heile skulen» heim; so
fekk dei halda jol saman.

Dei gjekk heile vegen; og Kold var tett paa den friskaste.
Daa dei kom aat eit høgt risgjerde, vilde han »læra deim aa
hoppa»; men der vart gutarne sprækare. Men han fortalde —
den eine soga etter den andre — og dei visste mest ikkje av
vegen. Endaa morosamare vart det daa dei kom fram.

Det var ein mann der uppe som Kold vart gladare i enn
alle andre, og det var bonden Kristen Larsen fraa Dalby —
han som hadde sendt fyrste guten paa skulen hans. Men det
var elles ein heil krins med bønder her som Kold treivst godt
imillom.

Kristen Larsen hadde havt det paa same maaten som so
mange evnerike bondeungdomar i dei tider. Han hadde vokse
upp i ein god gamall heim, og bestemor hans hadde lagt
grunnen i han; ho song inn i han folkevisor og kjempevisor
og salmar. Ho var av deim som »kunde sin bibel so godt
som nokon prest».

Men alt i barneskulen tok skuggarne burt soli og sløkte
"leda for han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free