Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
104
Ein bondehovding
Ja, var det ikkje dette livet, født av Gud, i hans daap,
som hadde lege der inne hjaa honom og — i mange Herrens
aar, grete som eit sjukt barn, hustra og frose og havt det
vondt — og ikkje fenge vokse det slag, fordi det vanta røkt
og mat og drikke.
No skyna han attende: korleis det hadde seg at han so
ofte hadde vore tungsint og leid seg sjølv.
Gud skje lov, so hadde daa endeleg dette livsfrceet fenge
brote seg igjenom harde skorpa, upp i sol og dag! Gud skje
lov at det enno livde! No var her von. Det kunde vore
daudt, slikt som han hadde vanvyrdt det og skamfare det.
Han fann att venerne sine. Og no vart det han som
hjelpte deim.’
Men det var hardt aa faa desse venerne til aa skyna
Grundtvig. Dette »folkelege» arbeidet hans, der han vilde
»vekkja» deim til aa vera danske, elska fedrelandet, mors
maalet og fedre-minni, ja til og med den gamle gudetrui, som
var den reine heidenskapen aat desse stakars fedrarne —
»kva hev no alt dette med vaar kristendom aa gjera?» spurde
dei. »Er det ikkje misbruk aa tala um vekkjing her?»
Men Kristen Larsen gav seg ikkje. Han fekk deim ihop
i eit ungdomslag, og las og tala aat deim der, um alt som
brann i han; og no kom det vel med at han var eit stykke
av ein skald. Um nokre aar skyna dei alt saman. —
Daa dei i 1848 skulde kaara utsendingar til den fyrste
riksdagen i Danmark — grunnlovsriksdagen, dei kalla — so
viste dei ingen betre bonde aa velja paa, der uppe paa
Hinds-holmen, enn Kristen Larsen fraa Dalby. Han var sjølvskriven,
tykte dei.
Ja, denne mannen var det som Kold vart so glad i, daa
han i joli 1851 kom upp til Hindsholmen med skulegutarne
sine.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>