Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Tiggarferd til hovudstaden
107
inn og fekk helsa paa gamle Grundtvig, og saag kona hans,
god og snild som ei bondekona fraa Jylland, men vyrdeleg
som ei dronning, daa vart han i godlag straks. Her kjende
han seg heime. So tok han til aa fortelja — og lagde
fram rekneskapen.
Klippfisk hadde det gjenge mykje av; det var no so. Men
mat laut dei ha — let han — det var gutar i voksteren alle
saman, so nær som ein som var 33 aar og gift mann . . .
So var det rosinor. Men det kunde ikkje godt vera
mindre der heller, naar det skulde verta ein til manns . . .
Sukkeret kunde han kanskje spart noko meir paa; for av
det hadde han brukt heile seks pund desse fem maanarne —
dei var so glade i det . . .
Og Grundtvig log so det klukka i han, og saag upp paa
kona si og sa: »Der kan du se, der kan du se.»
So fortalde han kor det hadde gjenge med skulen. Og so
at dei laag paa ein stor sal — allesaman! Og Grundtvig log.
So sa Kold: »Ja no lyt eg staa-til at Grundtvig saag lengst,
som vilde at gutarne skulde vera attan aar og ikkje
smaa-gutar paa femtan.»
Daa dei skulde gaa att, skreiv Grundtvig paa bønebrevet:
Grundtvig og kona 50 riksdalar.
Og det som vanta fekk Kold av prestar som var vener
av arbeidet hans.
I Sorø fann dei Ingemann. Her sat han i den fagre
diktar-heimen sin, reint som i eit hulde-slott; heile huset var
kring-kransa meel vinlauv.
Og der vart det stor gleda, daa Kold fortalde kor mykje
gagn og hugnad bondegutarne hadde havt av sogarne og
eventyri hans; no bar han fram ein varm takk baade fraa
deim og fraa seg sjølv.
Veggjerne i stova hekk fulle av alle slags væne bilæte,
smaa og store um kvarandre; og Ingemann sat der i fløyels
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>