- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
115

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den store dagen. Siger

115

det visste alle. Baade Birkedal og fleire av desse kararne
volde deim alt for mykje uro og hovudbrott, til at dei skulde
vera blide.

Og no var vaaren 1857 komen. Men statshjelpi kom ikkje.

Kold venta heile sumaren, og høyrde ingen ting fraa
regjeringi. Ingen pengar kom.

Dette saag stusslegt ut. Det var heile 800 krunor han
venta paa; og Kold var i stor gjeld. Vilde dei svelta han
ihel no?

Ja, svara motstandarane. No skal »ulven i fjølkassa» døy,
sa dei.

Men Kold tok til att med skulen um hausten, han. Og
han og Poulsen-Dal dreiv paa heile vinteren, som vanleg.

No var snart denne skulevinteren ög til ende. Og det
saag ikkje meir ut til statshjelp no heller.

Ein dag fær Kold høyra at nokre av dei raa-aste
motstandarane hans hadde samla seg og samraadt seg um aa
slaa han beint ihel. Daa smilte han og sa:

»Nei so menn um dei det gjer. Martyr vert eg no ikkje.
Eg liknar deim alt for mykje — til dess.

So er det ein dag i mars 1858. Kold kjem inn til
Poulsen-Dal med sterke fotslag; han dirrar i maalet.

»No er det nytt paa ferd,» segjer han, og synte fram eit
brev fraa skuletilsynet.

Jau, no vilde dei høge herrarne koma »i tropp og fylgje»
og saumfara skulen, og sjaa og høyra sjølve kva dei for med
og kva dei lærde. Um aatte dagar skulde det smella laust.

Kold gjorde lite baade sov og aat desse dagarne. »Det
er mi livsgjerning det gjeld — sa han til Poulsen-Dal — og
gruvelegt var det, um den skulde verta tynt og eg gaa att
her til spott og spe for fienden.»

Han grunda att og fram paa korleis han skulde stella seg.
Dei kom som fiendar, det visste han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free