- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
117

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den store dagen. Siger

117

Kold bad deim taka sæte. So la han fram ei lista, med
namnet paa gutarne og nummer etter som dei sat. So sa
han ikkje meir.

Det vart ei togn.

»Ja — saa begynder vi med geografi, og eksaminerer
nummer én først,» segjer provst Rohmann.

Det kjendest som ein kaldgufs for gjenom salen.

Poulsen-Dal var lærar i landkunna. Men han leda seg ikkje.
Han hadde mist all magt, han stod berre og skolv.

Daa stig Kold fram, ser provsten fast i augo ei stund, og
segjer med sterkt maal:

»Nei, provst Rohmann. Er det paa den maaten
kyrkje-styret vil ha det, at gutarne mine skal fram til eksamen ein
og ein, so lyt eg svara at eg ingen eksamen vil ha. Og
gutarne vil det heller ikkje. Dei sit her paa sin eigen
kostnad, dei greider sjølve utgifterne til skulen sin, og me hev
ingen rett til aa tvinga deim. Skal det gaa paa den maaten,
so er skulen i dag slutt.»

Kold tagde. Det var stilt ei heil stund.

Amtmannen sat og grunda. Han var ein skynsam og vitug
mann, og den klokaste i flokken.

No lyfter han hovudet. Og han bed Kold venlegt, næstan
smilande, um aa taka til med skulen, og tala nettupp soleis
som han er van. »Me vil vera tilhøyrarar — berre høyra og
sjaa korleis det stend til med skulen i det heile og ikkje med
kvar einskild gut,» sa han.

Daa segjer provst Rohmann spakt:

»Kan ikke nummer én svare, saa kan maaske nummer to
eller nummer tre.»

Men slaget var vunne — det skyna baade Kold og
Poulsen-Dal og gutarne. Det var som provst Rohmann kraup ihop.
Og so tok dei til med landkunna.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free