Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Høgskulen i Dalum. Ny strid — og siger
127.
»Ja, eg skule medina det,» segjer gamlingen. Sjaa no
der: den store hola hev eg fyllt. Og der: ei endaa større.
Her er ei djup veita eg hev grave— med mine eigne hender!
Og der er eit stykke eg hev rudt upp heilt av nyo.»’ —
Soleis dreiv han paa og fortalde ei lang stund.
»Eg kann tenkja meg det,» sa Kold. — »Men korleis kann
det daa vera at De vil stengja vegen for meg, so at ikkje eg
fær gjort mi jord i stand — stansa meg i mi vesle
livsgjerning — De som hev fenge gjort so mykje gildt og godt med
dykkar eigi jord?»
Mannen saag forbina paa Kold.— So segjer han med eitt:
»Tak veita, De Kold — tak berre veita! Tak ho so djup
og breid som De vil!»
So bygde Kold høgskulen sin, tridje gongen. Større enn
baae gongarne fyrr.
»Eg vilde ikkje bygt so stort — sa han sidan — eg hadde
so lite aa gjera med. Men Aanden sa til meg: Bygg stort,
Kristen Kold! Og so maatte eg byggja stort.»
Av og til kom tvilen og tunglyndet yver han; og daa
vart det fælt.
— Han hev fortalt, at ein gong gjekk han etter vegen aat
Odense, og daa kom desse tunge tankarne so hardt at dei
vilde kvæva han. »Eg tykte at vonde aandar sverra umkring
meg alle stader, og eg hytta og slo med staven min til høgre
og vinstre og skulde jaga deim ifraa meg. Hadde folk sét
meg, maatte dei trutt at eg var galen. Eg tok spranget og
snudde; og eg laut skunda meg inn til syster mi og faa tala
eit par ord med henue. Daa gav det seg, daa veik
trolldomen fraa meg.»
Ein dag i desse tider skulde drengen hans aat Odense
etter lass. Men Kold hadde ikkje raad til aa hefta burt guten
fraa arbeidet heime, og tok hesten og kjøyrde sjølv.
Daa hadde han berre nokre dagar att til han skulde ut
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>