- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
142

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

142

Friskularne

Eg gjekk fyre og han etter; og tagde gjorde me baae.

Daa me kom halve vegen, sa han:

»Ja ja, gode Ras’ Poulsen — naar me tvo hev vore i hop
i aatte dagar, so er me gode vener.»

»Nei» — sa eg, so tvert som eg kunde.

»Jau, me er det,» sa han.

So kom me fram, og so inn paa skulen. Der vart det sunge
ein morgonsong; det var no ikkje eg van med. So fortalde
han noko bibelsoga. So rekna me og skreiv. Og daa det
leid yver middag, fortalde han oss eit eventyr. So song me
nokre songar og visor — og so skulde me faa gaa heim.

Dette var ein snodig skule. Enn leksorne daa.- Deim
hadde han reint gløymt. Ikkje Balle-bok, ikkje bibelsoga;
ikkje ein gong katekisma. Ja, so var eg vel fri daa: Fri all
utanaat-leksa? Aa hei hopp! Nei detta var den raraste skulen
eg hadde set. Og ikkje var han sint heller. Men venta berre
til i morgon; gled deg ikkje for tidleg; det kjem nok — alt
saman!

— Dagen etter var det like eins. Berre forteljing. Og so
eit gildt, langt eventyr. So song me mange morosame visor.
Ingen slags leksor no heller.

Tridje dagen kom — og det vart ikkje verre. Det tok
reint til aa verta morosamt no. So snilde og blide som dei
var ög, desse kararne — baade Kold og denne Poulsen-Dal . . .

— Daa dei aatte dagarne var umme, hadde Kold fenge
rett. Eg beint fram stunda um morgonen etter aa koma av
stad og faa høyra og sjaa han att.

Og so Poulsen-Dal daa — denne trufaste trugne venen
vaar, som gjorde alt til aa gleda oss borni — eg gløymer
han aldri. Han synte oss so mange væne bilæte i eit myrkt
kammers, han tok oss ut i fjøra og synte oss alt rart der,
og han var med oss utpaa og siglde. Ja, me livde som i eit
paradis kvar dag paa denne skulen. Alt som var kunde me

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free