Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Friskulanic
155
til Stenbæk daa dei kom ut: »Eg hev lese at det er englar
i himmelen; men daa eg fekk sjaa desse borni, so glade og
vakre som dei sat der og lydde paa, og so godt som det alt
saman var der inne, daa kunde ikkje eg anna, eg maatte
graata.»
Stenbæk kom aat Kold ei stund etterpaa. Han fortalde
um desse tvo bønderne fraa Langeland, og so segjer han:
»Ja — Rasmus legg nok snart i vegen med ein friskule.
Han saag ut til aa kunna slaa eit slag for den sak.»
»Nei — sa Kold — det er ikkje han Rasmus, men det er
han Kristen som kjem til aa faa friskulen.»
Dei tokst um dette ei stund. Men Kold vart ved sitt.
»Det er han Kristen, — du skal sjaa det gjeng som eg segjer,»
sa han.
— Ei tid etter spurdest det fraa Langeland at Rasmus
hadde fenge friskule paa garden sin. Med mange born.
So gjekk eit aar eller vel so det.
— Daa fær Stenbæk vita at Rasmus badde gjenge trøytt
og hadde slutta. Det vart berre strævet og striden og
kostnaden, hadde han sagt.
Og det som verre var, dei sa han hadde vorte ein heil
hatar og motstandar av friskulen.
Men daa hadde Kristen vorte ferdig. Han tok læraren
og skulen paa garden sin; og det heittest at skulen gjekk
jamt og godt fram fraa dag til dag no.
Tolv aar etter stod denne skulen i sin beste blom. Kristen
var enno den som bar tyngste byrdi; men no hadde han
fenge mange i lag med seg til aa hjelpa seg. Dei var saman
um skulen ein heil liten krins. Men no var Rasmus ein raa
spottar.
Sidan kom Stenbæk til aa spørja Kold: »Korleis kunde
du vita dette fyreaat? Du hadde daa ikkje godt som sét
kararne eg fortalde deg um.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>