- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
170

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170

I striden for borni

Me gjer vel mot borni vaare naar me hjelper deim fram
i denne skulen; det kjem velstand i framtidi åv det. Ikkje
aa nemna sjæle-gagnet, som dei fær av aa gaa denne skulen;
for det er større enn me skynar» . . . Soleis tala han den
dagen.

*



— Daa Kold flutte fraa Hindsholm, kom han ein dag paa
vitjing til venen sin, friskulelæraren Rasmus Hansen i
Vejstrup. Rasmus var gift no, og hadde fenge seg eit lite nett
hus, og jord so han fødde ei ku. Kold var’ gild daa han
saag alt dette. Kona aat Rasmus Hansen fortel:

»Han hadde gjenge heile vegen og var sveitt og trøytt.
Eg fann fram turt umbyte og tok sokkarne hans og vaska
deim.

Daa kom han etter.

»Du maa ikkje bruka mykje saapa no, Barbro. Hugs paa
at de er friskulefolk — det er Vaar Herre som føder dykk
no. Men no kann du og lita paa at han gjer det. Han skal
velsigna alt du steller med, det skal du faa sjaa. Og de fær
alt de skal liva av. Men heller ikkje meir. So du maa halda
godt hus med det du fær no.»

Ja, slik stod han og godprata og hjelpte meg til aa lita
paa Gud.

Daa han hadde fenge mat, skulde han uppaa loftet og
kvila middag. Men best det er, kjem han ned att; det var
for heitt der uppe under tiglsteintaket, sa han.

»Men vil du ikkje ha tiglstein paa taket ditt — du daa?»
spurde eg.

»Nei, eg vil ha halm. Eg vil heller brenna ein gong enn
steikjast heile mitt liv,» sa han læjande.

So fekk han sova i stova.

Sidan skulde han og Rasmus ut og sjaa paa jordvegen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free