Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
172
I striden for borni
Me fær høyra meir rart i denne skulen. Eit anna barn
vert spurt:
Hvilke ere forældrenes pligter imod deres børn?
Eit tridje barn vert spurt:
Hvilke ere hustruens pligter imod manden? Hvilke ere
mandens pligter imod hustruen?
Og alt skal desse arme borni svara paa og vita greida
paa — so nær som det vesle dei sjølve skulde ha bruk for
aat sin eigen vokster; det vert det ikkje tid til — og ikkj.e
tanke heller paa det.
Eg kom ein gong inn i ein statsskule, sa Kold. Læraren
var venleg og vilde gjerne syna fram at borni kunde noko.
Og so tok han til:
Hvad er grov synd?
Hvad er fin synd?
Hvad er vitterligheds synd?
Og uvitterligheds synd?
Ja, borni svara etter boki; og han dreiv deim att og fram.
So segjer han til slutt:
Kan I saa sige mig børn: Hvad faar vi nu ud af alt
dette?
At denne verden er en jammerdal . . . skreik borni i
munnen paa kvarandre, so straalande glade midt i jammerdalen
— fordi dei hadde hitta rette svaret, og fordi eg, den
framande, hadde høyrt kor hæve dei var til aa svara.
Og læraren var byrg; han nikka aat borni og glytte paa
meg.
Me kann sagte spørja som han: Hvad faar vi ud af alt
dette ?
— Her sit borni vaare, den dyraste eiga Gud gav oss,
og er prøveklutar for aandløysa og vitløysa i statsskulen.
Guds rike høyrer slike til, sa vaar store barneven — dei er
til og med fødde inn i det, dei er borni aat den livande Gud-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>