- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
22

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_ 22 —

folkelivet i Spania, der dei daa hadde halvtanna
tusundaars kristen arv.

Dette skal me leggja oss vel paahjarta. Me maa
læra aa takka for det me eig i den kristne arven
fraa fedrarne vaare, arven som den norske
folke-kyrkja ber med seg fraa ætt til ætt.

Lærer me takka, so vert me glade; og vert
me glade, daa vert me sterke. Mykje av
vanstyrken hjaa folket vaart kjem seg av di me er
svære til aa klaga, laake til aa takka.

I den siste man ns-alderen hev me havt ei
forkynning som svipar mykje paa den radikale maaten
i reformasjons-tidi.

Eg veit ein gut sørpaa i landet — dei sat
saman ein flokk eldre og yngre — so sa han: her
fanst ikkje kristne her i bygdi fyrr vekkjelsen kom.
Daa var det ei gamall kona som tok honom i
skule: du veit nok ikkje kva du segjer du, guten
min; hadde her ikkje vore kristne her i bygdi
fyrr vekkjelsen kom, so hadde her ikkje kome
nokon vekkjelse heller. Ho hadde syn for: at det
Guds aand gjer no um dagen, heng i hop med
det Guds aand hev gjort fyrr.

Me treng alltid vekkjande røyster som Hans
Nilsson Hauge. Alle former, alle meiningar, all
guds-tru kann verta ei soveputa; me treng røyster
som ropar til folket: de maa vakna og umvenda
dykk; de maa ikkje sova paa at de er døypte, de
maa liva som det sømer seg døypte menneskje;
de maa ikkje sova paa kyrkjegonga, de maa liva
etter Gudsordet de liøyrer i kyrkja.

Men — me kjenner røyster som i den seinare
tid hev sagt so til folket vaart: han duger ikkje
noko den kristendomen de hev; det munar inkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free