Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
9
vel ogso er aa søkje. Paa same maaten ser ein
mannen kjenner godt til ymse namn i Svitjod: Fyri
(Fyrisaa), Lofund (Laghunda herad), Ræning (paa ei
øy i Mælaren) Taur (Tør, landskage ved Mælaren og
Vystresjøen) o. fl. At skalden likevel ikkje høyrer
heime i Svitjod, men i Noreg, de syner seg millom
anna av de, at han jamleg brukar aust, naar de er
tale um Svitjod og der ikring; soleis der han talar um
Uksen som hadde hovude lengi
austi skogen høgt bori
Fraa Danmark hev han ogso mange namn, og likso
rett brukte, og ofte nemnt um at svenske kongar hadde
ymist. med Danmark aa gjera, i samsvar med de som
elles er kjent um den ting. Derimot er deikkje
eit einaste ord i heile kvade som tyder
paa at han er eller hev vori i England
eller paa dei leidir, eller at han erde-
minste kjend med eller hev havt nokon tanke
paa desse landi. Alt dette, saman med mangt
anna, gjer de mest utenkjelegt, at kvade skulde vera
dikta burte i England og aat ein norsk konge der,
som Bugge meiner, endaa han ikkje ein gong veit aa
nemne kva konge de skulde vera, eller som namne
Rognvald skulde høve paa der. Bugge hev i røyndi
ikkje anna aa berge seg med, enn at de etter hans
meining skulde vera komi burt eller gløymt noko av
kvade alt paa Snorre si tid, og daa, merkeleg nok,
nettupp de um dei næraste forfedrane til denne
Rognvald. At Snorre ikkje hev teki med heile kvade i si
Ynglinga-sogu, kann vera trulegt nok. Finnur Jonsson
meiner endaatil at kvade upphavleg hev vori mest
dubbelt so langt som de me no hev, men daa likevel at
Snorre hev kjent alt saman, daa me ser han hev
fortalt ymist um desse kongane som ein ikkje ser noko
til i dei versi me no hev. Ein stad syner de seg
endaatil avgjort, at de hev vori meir ìi kvade enn me no
hev, og de nettupp um Rognvald Heidumhære. I ei
handskrift stend de der tvo linur meir etterpaa de verse
som dei andre handskriftine hev um honom. Dette
maa vera gjengi til paa den maaten, at avskrivaren hev
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>