- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
37

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

S

kann vera noko anna, og daa helst formi, som i si
tid hev gjort dette. Kanskje er han ein med dei fyrste,
eller jamvel den fyrste som hev teki til med dette
versemaale, som sidan kom so sterkt paa moden, at de
daa er dette som hev gjort honom so namngjetin, og
sjort kvadi hans til mynster for andre skaldar lengi
utetter, som de galdt for deim aa lære og hugse vel.

De nemnde torre Brage-kvade skildrar, som sagt,
tilburdar som var maala paa ein skjold. Sjølve ordi

kvade segjer de, at “teikningane var maala, eller
maala med stein-farge. De ser ut som skjolden hev
vori avdeild 1 fire bolkar, og ei serskild segn med sine
hendingar teikna i kvart rom. Etter dette fell daa
kvade og i fire bolkar.

Fyrste bolken er um ei hending fraa
Gjukungsegni. Gudrun, dotter aat kong Gjuke, hadde vori gift
med Sigurd Faavnesbane og med honom fengi dotteri
Svanhild. Etter ho sjølv hadde drepi andre mannen
sin, Atle, til hemn for brørane sine, som han hadde
sviki, kom ho til kong Jonakers land og vart gift med
honom. Der var Svanhild med mor si, til den gamle
gote-kongen Jormunrek, som hadde høyrt um kor fager
ho var, sende son sin, Randve, og med honom den
vonde raadgjevaren Bikke, til aa fri til henne paa hans,
Jormunreks, vegnir. Svanhild vart med deim: men
paa vegen heim sagde Bikke at Randve høvde betre til
mann for henne enn Jormunrek, som var gamall, og
dette tykte nok baae dei unge og. Daa dei so kom
leim, fortalde Bikke dette paa sin vis til Jormunrek,
og so lét han son sin taka og leide til galgen. Fyrr
ba an vart hengd, tok Randve ein hauk og plukka fjørine
av og sende far sin. Daa Jormunrek fekk sjaa dette,
skyna han meiningi, at no var rike hans verjelaust, dns
han var gamall og sonlaus, og no vende hans hat seg
niot Svanhild. So ein dag han kom ridande heim fraa
veideskog med hirdi si, fekk han sjaa Svanhild sitja ute
og bleikje de fagre gule haare sitt. Daa baud han
mennane sine ride paa henne og lata henne trakke i
licl under hestefotom. Men ho hadde slik magt i dei
hjarte augo sine, som ho hadde etter far sin, at daa ho
saag paa dyri, vaaga dei ikkje aa koma nær henne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free