Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
101
de vart ikkje til anna enn flikring og kjærleiks-kvad, og
elles stridsmaal og nidvers mot den mannen som ho
vart gift med, ein manņ som sjølv var skald og heitte
Gris, eit namn so tiltøkjelegt som noko kunde vera for
ein spottegauk. Hallfred vart no likevel gift, han, med
ei gjente burte i Sverike. — Av slikt som elles kann
koma oss ved i Hallfreds liv, er de meste vel kjent
fraa sogo um Olav Trygveson i Heimskringla.
Av kvæde som Hallfred hev dikta er de nemnt
mange, og mange som de er meir eller mindre att av.
Av deim som kjem vaart land ved, er de 3 som de er
att noko større av. De eine er til Haakon jari,
Haakonardraapa, og synest vera mest um
jomsvikingeslage og verknaden av de, dei 7 halv-versi me no hev
av de. Dei?2andre kvadi er um Olav Trygveson, fyrst
Olavsdraapa, som me no hev 5 heile og 4 halve vers
av, av deim 4 og 2 i Heimskr. (s. 1555—61). Dei er
um vikingferdine hans Olav, fyrr han kom til Noreg.
Naar dei synest vera drjugt blodgjerske, desse versi, so
er dei kanskje ikkje aa taka so heilt aalvorleg. Hallfred
var den mannen at han kunde gjøne noko med slikt
og, og nettupp difor smurde so tjukt paa. So mykje
aalvorlegare er de siste av desse kvadi, Ervedraapa um
Olav Trygveson, etter han var fallin ved Svolder. Her er
de lite tale um manndraap og blod, endaa de vantar ikkje
paa sterke lovord um kongen og hans mod og raustleik,
og derimillom hjartesaare klageljod av sorg og saknad.
I eit av stevi kjem denne djupe saknaden vedkjømeleg
og livande fram:
Nordlandi er som aude
alle, no kongen er fallin.
Ein fær her ei vitring um kva liv de hev fylgt med
ein mann som Olav Trygveson. Dette kvade er rekna
til dei beste fraa denne tid. Og at de i gamall tid
hev vori høgt sett, kann ein skyna av dé at de er sø
mykje her ein finn att hjaa skaldar seinare. For soge
elles, t. d. med si skildring av Svolder-slage, hev de
likevel mindre verd. Ein merkar her at skalden sjølv
ikkje var med i slage, de som han sjølv og klagar seg
hardt for i kvade. I alle dei 25 versi me hev av dette
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>