- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
107

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sigvat skald og hans samtid.

Vanlegt som de var, at skaldane berre var til gjest,
kann ein segja, hjaa hovdingane, eit aar eller so um
gongen, var de likevel gjerne so, ved den norske hirdi
daa, at kvar hovding hadde i minsto ein skald som var
aa rekne for fast ved hans hird, so lengi baae livde,
og som ein soleis kunde kalle hans hovudskald, endaa um
han kanskje ikkje alltid var beste skalden i lage. De
som helst batt saman var daa vel, her som elles, eit
visst samhøve i hug og haatt millom hovdingen og
denne skalden, liksom millom ven og ven. Soleis maa
ein tru at Olav Trygveson og Hallfred Vandrædaskald,
um ikkje so like i alle maatar, likevel var laga til aa
høve godt saman, beinfarande og framgjengde som dei
var baae tvo, ikkje aa tala um mod og djervskap, som
var so aalgjengd dygd hjaa mennar i den tid heri
vaare land. Men med ingin hovding og skald syner eit
slikt samhøve seg betre enn med Olav Haraldsson
og Sigvat skald. De som den eine var millom
kongane, de var den andre millom skaldane. Ser ein mest
paa den eller den sida, kann de nok vera at ymse av
vaare kongar var meir lysande enn Olav; men de var
ingin som samla so mykje i seg som han, og samla de
so fast og til slik daadug styrke. De rom han hev i
vaart lands sogu svarar visst so toleleg vel til de rom
han jamleg hev fengi i sogu-bøkane, som i boki hans
Snorre, der han tek upp meir enn tridjedeildi av rome,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free