- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
156

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Utgangen paa hirdskalđdtidi.

Med utgangen paa styretidi hans Harald Hardraade
er den rette skaldetidi ute. De heldt nok ved međ
hirdskaldskap lengi etter den tid og, endaa likso lengi
som me veit av nokon hirdskaldskap fyri denne tid,
minst eit par hundrad aar, heilt ut i Eirik Magnussons
tid, etter de Skaldatal melder um. Um de var nokon
skaldskap etter denne tid, veit me ikkje noko um; for
Skaldatal gjeng ikkje lenger; men trulegt er de, at med
dette var de aa rekne for slutt. Heile denne lange tidi
kann likevel ikkje syne fram noko, eller berre lite, som
er verdt aa setja upp jamsides med de me hev fraa
fyrr, — i minsto ikkje noko som er aa kalle nytt. Um
de imillom kann vera ting som er vel gjorde, so er dei
daa i same leid, eller mykje aa rekne for ettergjorde
etter eldre dikting, og oftast so at de er berre i de
reint ytre, eller formi, at dei stend paa høgd med
mynsteri; i de stykke kann sume av desse skaldane
vera vel so „fullkomne“ eller gløggare og meir drivne
enn deira fyrigangarar.

Dess-verre var de vel nettupp denne fullkomne og
strenge formi som stod mest i vegen for at de i denne
tid kunde bløme fram ein livsfrisk skaldskap. De var
ikkje berre de til meins for eit nytt, rikt innhald, at
formi eller versemaale var so trongt aa røre seg i; men
denne formi var so fastgrodd med de skaldemaale som
ho var vaksi fram med, med sine nemningar og
vendingar, og desse att med sjølve innhalde, so de vilde
kravt ei tilemning som fraa nytt äv, aa gjera den same
ormi likso lagleg for eit nytt innhald. Anten de no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free