- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
3

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Åv laak Ætt.

| RD

endaa, og unge Droser var altid bidlevande.
Soleis gjekk det, til Alvhild var tjuge Aar
gamal.

Øvst 1 Dalen budde Aasbjørn Hegglid.
Han var Utbygding, hadde fylgt med den fyrre
Presten og voret Lut-brukar hjaa han i mange
Aar. Der hadde han lagt seg upp Pengar; men
der var dei som trudde, at ikkje alle desse Peng-
arne var ærleg tente. Aasbjørn var ein stor,
sterk Mann, men myrk og meir faamælt enn
Bygdefolket; han var hard mot sine Undermenn
og hadde Lag med ingen; Folk likad han ikkje,
og Gjenturne var rædde han. Um Ætti hans
kunde ingen faa vita nokot, som var Grunn i.
Fyrst fleire Aar etter at han var komen til Bygdi
kom det ut ei Segn um, at han var Son av ein
Handelsmann, som hadde voret i Naudi, fordi
han hadde skrivet falske Namn.. Etter den Tid
var han endaa meir skydd enn fyrr, og dei
kallad han Svarte-Aasbjørn.

I Prestegarden tente paa den Tidi ei, som
heitte Sigrid og var Husmannsdotter. Ho var
ikkje just fager; men ho var eit stort, dugande
Kvinfolk, ferm og greid i alting, godvis og
snild; Aasbjørn likad henne. Han var meir god
mot henne enn mot dei andre, og det vart snart

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free