Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Av laak Ætt, IS
alle. Dei drog seg ifraa han liksom dei var
rædde, og Leiv vart standande aaleine midt paa
Golvet. Tilmed Lars totte, han laut fylgja
Flokken.
Leiv kvitnad der han stod. »Er de rædde
no, alle de gjæve Gutar*« sagde han; Mælet
var haast og kverkt, so han kjende det ikkje
sjølv. Ein svarad: »aa, det er væl ikkje alle,
som er so fuse paa aa slaast som Leiv Aasbjørn-
son, som ikkje kann drygja, til han kjem inn i
Laget eingong, men lyt til aa rivast, so snart
han ser Husetc«. Det høyrdest ei Knesing rundt
i Kræerne. Leiv vart stygg i Augo; Munnen
bivrad. Gamle Jon Haugstad gaadde dette og
kom med ein Dram. »Hyss«, sagde han, »lat
no det vera. Og er du komen til Gards, Leiv,
so fær du vera vælkomen; tak deg no ein Dram
og ein Dans!« »Ikkje Dropen drikk eg her,
svarad Leiv og skuvad Glaset fraa seg, so det
skvatt, »og ikkje ein skal segja det paa meg,
at eg gjer nokon Mann Uskil, som ikkje ufredar
meg. Men ein Dans kunde eg nok lika aa
freista<, lagde han til, og nokot som eit Smil
drog seg fram yver Andlitet hans. Han saag
seg ikring etter ei aa dansa med. Men alle
Gjentur drog seg ifraa, so langt dei kunde, og
Gutarne lo.
Leiv kjende, at det kokad eit Sinne upp i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>