- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
51

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak Ætt. 5IT

For ei Umkverving! Heile Glansen som stroken
av >Baronen«. Kven var som stod der no?
Ein liten mager Tufs av ein Kar, ufager, ufin,
eit Armodsting, av laak Ætt, og ein Skarv
attpaa! Leiv kjende seg uendeleg flat. »Far-
væl,« sagde han. Baronen vart stygg. Det
gjekk liksom tvo Baaredrag i Kross yver And-
litet hans, Skam og Harm fraa den eine Sida,
Svivyrding fraa den andre. »Orsaka, orsaka-,
sagde han med Spe, »eg heldt Mr. Hegglid for
aa vera ein Mann. Naa, Herregud, ein mis-
tek seg so tidt i denne Verdi... Farvæl!
Armod og Ovmod høver laakt ihop; naar du
fær liva so lengje som eg, og tola det eg hev
tolt, so vert du og Filosof! og eg skal hava
Moro av aa liva den Dagen. Farvæl solengje,
Barnet mitt !« Han gjekk; Leiv saag han aldri
sidan.

Men han kjende seg forunderleg kald og
liksom skamfull etter dette. Naar han mintest
Baronen, gjekk det ei tung og sleip og ulidande
Kjenning gjenom Bringa hans, liksom naar ein
minnest ei skamleg Stund. Det, som Baronen
hadde sagt, og som Leiv totte høyrdest so av-
styggjeleg laakt i hans Munn, var i Grunnen
slikt, som han kjende fraa seg sjølv. Hadde
han ikkje sjølv gjenget her og meint, at Livet
var rangvist, og at han leid Urett? Hadde han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free