- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
70

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

7O ; Stordaad.

rundt med dei, so Stakkarne fauk, slengde dei
so fraa seg att mot Vegg elder Stokk og gav
dei ein god Dag. Og Taksteinarne uppaa
Taki hoppad og leikad’som dei var livande, og
Skorsteinarne blees Musikk, og nede ved Piper-
viksbryggja laag Jegter og Skonnertar og duvad
og dukkad og skreik i Riggarne og sleit 1 sine
Kjettingar, liksom dei vilde riva seg lause og
koma seg væl herifraa. Det var eit Hunde-
Ver; men Folk laut vera ute, og det daa
ikkje minst dei, som var daarleg klædde.

Fram gjenom Klingenberggata kavad seg
soleis med stort Stræv og mykje Vingel tvo
Fatig-Ungar med ei Lirekasse. Det var ei
Gjentetaus i Konfirmasjonsalderen, storbygd men
bleik, og so ein Gut paa dei tie elder elleve.
Av Klæde hadde dei ikkje meir enn dei turvte,
nokon av dei, men Guten minst, og det vesle
dei hadde var Filla i Filla og Bot i Bot, helst
hjaa Guten. Føterne deira var ikkje langt ifraa
nakne, og det, dei brukad til Sko, var lite verdt
aa sjaa paa. Men paa Ryggen bar Gjenta Lire-
kassa, og Guten gjekk med den vesle Liresto-
len under Armen og fraus, so han blaanad um
Nasetippen. Han var mager som ein Marekatt
og svolten som eit Slög, og Gjenta var vel
ikkje mettére, ho helder.

Det var stridt for henne aa arbeida seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free