Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
74 Stordaåd.
løyna, at han skalv. Tennerne skangrad i den
vesle Munnen.
Inn bar det med mykje Stræv; den Helvites
Vinden var saa strid i-Porten. »Sett Stolen
der ’a«, sagde Johanne. Hans gjorde so. Der-
etter fekk dei Lira ned av Ryggen paa Johanne
og. ned paa Stolen, og so gav ho seg til aa
sveiva.
Det leet! Johanne saag burtpaa Bror sin
med sjølvnøgd Ro; hev du nokot aa segja?
spurde Augo. Hansemann nikkad; han hadde ikkje
nokot aa segja. Johannemor kunde sine Ting.
Og lystigt gjekk det med Slaatt og med Vals,
og Vinden dansad, og Taksteinarne hoppad, og
det taut i lang, syrgjeleg Suging gjenom Skor-
steinar og Gangar og kvar den Glugg; men Lira
peip kvassare enn baade Skorsteinar og Gluggar,
og det gjekk so friskt, at Hans reint totte det
var Moro.
Men Johannemor tenkte paa, at det ikkje
vilde vera godt aa syngja i denne Vinden, helst
naar ein var so svolten, som ho var i Dag.
Det var aldri godt aa syngja, naar ein var alt-
for svolten; ein hadde ikkje den Magt til aa
faa upp Maalet. Og so foor denne Vinden
her og føykte og føykte med Rök og Bös, so
ein misste baade Syn og Pust; — men ein fekk
gjera det ein kunde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>