- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
92

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

92 : Hemn.

rædd Dotter mi tenkjer paa Fantestykkje i Dag:.
»Aa haa !« sagde Presten og flirde fult, »stend
det slik? Eg ser nok, at Bruri ikkje er noko
glad, og eg hev høyrt Ymt um eit og annat
fyrr og; men eg tenkjer no ikkje det er so faar-
legt. Eg kjenner til slikt. Dei gjev seg, naar
dei kjem for Altaret. Dei kann vera so harde
dei vil, so mjuknar dei der. Dei tek berre til
Graaten; og sidan gløymest det snart<«. »Det
er det same<, sagde Tarald; »men dersom Deot-
ter mi finn paa nokot galet i Dag, so lætst du
som du ikkje høyrer, og vigjer like godt! —
Lova meg det; du skal ikkje trega det«. »Aa
ja, du er ein bra Mann, Tarald ... og Dotter di,
ser du....ja-ja; eg hev aldri set ei Gjenta syrgja
mange Dagarne, naar ho fyrst var gift. Dei
er liksom Ungarne: ute av Syn, ute av Sinn,
Eg skal gjera som du segjer, Tarald, og so veit
eg du kjem meg ihug att sidan<. »Det skal
egc, svarad Tarald og gav Presten Haandi.

So kom dei til Kyrkja. Presten heldt ein
lang Tale. Det gjekk mest ut um, at me skulde
tukta og korsfesta vaar eigen Vilje, og at ein
kunde vera stød paa, at den ein fyrst kom aat
Altaret med, den vilde Vaarherre at ein skulde
hava. Og det var stor Synd aa setja seg imot
Guds Vilje. Det kunde henda, at ein 1 sitt
eiget blinde Hjarta kunde innbilla seg, at det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free