- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
110

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I IO Seld til den Vonde.

Som han gjekk der i denne Gleda, laut
han stansa; for etter seg, uppe i Lidi, høyrde
han det song. Det var eit Kvendemaal, friskt,
men mjukt, liksom vart, Stundom litt skjelvande;
ein kunde tenkja det var ei Gjenta, som song
burt yver Dalen til Guten sin, men var rædd
nokon kunde høyra det. Baard vart standande
og lydde til denne Songen, som drog han sterkt;
for det var fager Song, som høvde so godt til
Stilla i Skogen og til hans eigne varme Drau-
mar. Songen syntest draga seg stilt fram imot
han, og snart høyrde han Ord og fekk Meining.

»Det er ikkje godt for den kaute Gut
i Blindo seg burt aa selja;

og vandesamt er det aa finna ut,
kven helst han til Slutten skal velja.

”Og Gjenta held ut i Dagar og Aar,
og ventar so smaatt og drøymer;
so øyder ho heile sin fagre Vaar,
og Gutarne burt henne gløymer<.

Det vart stilt ei Stund, so tok det i att,
men no berre eit litet Stykke upp i Lidi.

»Aa aldri eg trur paa den kaute Gut,
hans Hug er som Vatnet kalde;

den greide og snaale eg vél meg ut,
han er den beste av alle.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free